Måndag 15. mars 2010 kl 18.00-21.00
 | Matematikk til å forstå med Svein H. Torkildsen Stad: Eid ungdomsskole, Auditoriet
Aktuelt for lærarar i heile grunnskulen!
Enkel servering! |
Svein H. Torkildsen er tilsett ved Matematikksenteret. Han er LAMIS sin grand old man, arbeider no i 100 % stilling ved Matematikksenteret. Kursa han held er forankra i 36 års erfaring med matematikkundervisning og etter kvart i 20 års erfaring med å halde kurs for lærarar.
Om kurset skriv han:
” Algoritmar eller ikkje algoritmar? Det er spørsmålet. Motspørsmålet blir då: Hugse eller forstå? Vi problematiserer dette gjennom presentasjon av og arbeid med aktivitetar som gjev grunnlag for å arbeide grundig med posisjonssystemet og dei fire rekneartane. Vi bruker enkle og rimelige konkretiseringsmateriell. Nokre av desse kan vi gjerne lage sjølv. Noko har de sikkert allereie sjølv, for eksempel ein heilt alminnelig kortstokk.
Vi vil til dømes sjå på korleis vi allereie tidleg på småtrinnet kan legget eit grunnlag som lærarar på ungdomstrinnet kan utnytte når dei skal arbeide med algebra! Aktuelt for lærarar i heile grunnskulen."